Bjerck Entreprenør AS
Industrivegen 28 – 6900 Florø
Org.nr. 995076195
M: 907 96 074
E: post@bjercken.no
I 1969 starta Lars Bjerck Entreprenør med grave- og betongarbeid. På 90-talet tok Atle Bjerck over og stifta Bjerck Entreprenør AS.
I dag er vi 8 tilsette. Vi er ein godkjend opplæringsbedrift og har til ei kvar tid fleire lærlingar hos oss.
Vi har ein allsidig maskinpark som gjer oss eigna til både små og større oppdrag. Kundane våre er lokale firma, stat og kommune i tillegg til privatpersonar.
Bjerck Entreprenør AS er medlem i Maskinentreprenørenes Forening og har sentral godkjenning i tiltaksklasse 2 for grunn og betongarbeid.
Kvart år tek vi imot fleire lærlingar i samarbeid med OKAB. Dette er ein av dei viktigaste måtane vi bidreg til utdanninga av flinke fagfolk.
Som lærling hos oss vil du jobbe saman med ein av våre erfarne fagpersonar. Du får ei variert og trygg arbeidskvardag med god oppfølging gjennom heile læreperioden fram til fagprøva.
Har du lyst til å bli lærling hos oss? Ta gjerne kontakt!